Stryn Visefestival 18.-19. mars

18.-19.mars er vi endeleg klare for ny Visefestival i Stryn! Etter to år med koronaavlysing, presenterer vi no ei fantasisk visehelg i Stryn. 

Festivalen startar med Adam Douglas i Stryn kulturhus fredag kl. 1900. Adam har mellom norges flottaste stemmer og har mellom anna vunne Stjernekamp på NRK. Etter å ha opplevd Adam si unike tilstadevering i Kulturhuset går du vidare til Stryn Versthus, Isehaug Kafeteria eller Visnes Hotel og kan velge to av tre konsertar. På Stryn Vertshus kan du få med deg Anders Jektvik, visesongaren som er blitt allemannseige både i trøndelag og resten av Norge. På Isehaug stiller Atle Oen med fullt band og trøkk. Atle som er busett på Nordfjordeid, er blitt ein kjent og kjær artist som du ofte høyrer på NRK Sogn og Fjordane og og etterkvart andre stadar. På Visnes Hotel er det fantastiske Line Dybedal som held konsert. Du har høyrt ho både med «På ei øy», «Hjarte til Jul» og ei rekkje andre songar. Laurdag startar vi med Lars Bremnes i Stryn Kulturhus. Å kunne æ skrive på himlen.. -Så ville eg skrive at vi har fått ein av dei beste visekunstnarane Norge kan mønstre i dag til festivalen. Etter Kulturhuset kan du velge mellom kritikarroste Tonje Hallbjørhus på Stryn Vertshus, legenda Benny Borg på Visnes Hotel og ikkje minst Jack Stillwater på Isehaug. Jack Stillwater kom nettopp ut med sitt femte album. Bandet har fått strålande kritikk og har også stryningen Odd Inge Rand på bass mellom medlemane. 

Med festivalpass (vi har berre 100 stk(!) ) , kan du altså få med deg 6 fantastiske konsertar desse to kveldane, tre kvar kveld. Billettar får du kjøpt på Stryn.kulturhus.no. Er du gla i god musikk, kan du ikkje gå glipp av Stryn visefestival!

Program:

Meir info om festivalen finn du på Stryn visefestival på Facebook.

Program:

Comments are closed