Stryn Dans & Caravan

Komplett program fra onsdag 25.mai – søndag 29. mai

 

Onsdag til Søndag

  • Stor utstilling av bobiler og campingvogner i regi av Tellus Norge på festivalområdet rundt Stryn Gastrobar.
  • Kjøkkenet er åpent – god lunsj og middag fra 12:00 alle dager.

    Onsdag:
    Fernando
    Kathe Sunde
    Tore Halvorsen

    Torsdag:
    Bingo, allsang, jam, dans og underholdning ved Odd Arne Sørensen og Hans Olav Trøen. 

    Fredag:
    Ingemars
    Contrazt

    Laurdag:
    Vikingarna
    Contrazt
    Her er meir informasjon om programmet:

    Onsdag:

    Fernando
    Reunion av Strynebandet Fernando anno 1989 – Stryn sitt første Boyband! Bandet tråla vegane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fra 1978 til 1990. Når bandet var på sitt mest aktive kunne dei ha 4-5 oppdrag i veka. No blir det endelig reunion av bandet!

    Kathe Sunde
    Sangfuglen fra Nordfjord får sjølvsagt ein plass på scena under Stryn Dans & Caravan. Vi kan vente oss både herlege coverlåtar og egne låter fra Kathe – gled deg til mellom anna «Om englar finns», «God som eg var mot deg», «Hav av hjerte» og «Back in love again».

    Tore Halvorsen
    Tore er definitivt Noregs mest kjente dansebandvokalist, blant annet som frontfigur i Ole Ivars gjennom 30 år. No kjem han tilbake til Stryn! Vi garanterer stor stemning når Tore byr på kjente svensktopper og viser, tillegg til uforglemmelege slagere fra Ole Ivars! Godt å se deg igjen!

    Torsdag:
    Torsdag er kosedag!
    Trekkspilleren Odd Arne Sørensen og vokalist/gitarist Hans Olav Trøen turnérer med eit underhaldningsprogram med norske slagere fra 50- tallet og fram til i dag. Stikkord er bingo, allsong, speleglede, trivsel og garantert god stemning. 

    Odd Arne er kjent som trekkspelar i Ingemars. Han er og norsk og nordisk mester i gammaldans som solist og med Finnskogkvintetten. Hans Olav har bred bakgrunn fra fleire av Noregs beste danseorkestre, nå i Contrazt. Gutta har til sammen 4 Spelemannpriser, og meir enn 30 års erfaring fra scena. 

    Utpå kvelden har vi gleden av å invitere til danseband-jam! Hans Olav og Odd Arnevil guide oss gjennom en trivelig aften med god musikk, dans og kos. du spele eller synge? Ta med gitaren, munnspelet, den fine stemmen din, fiolinen, bassen, trekkspelet, trommestikka eller eit anna instrument. Vil du være publikum, ta på smilet og danseskoa! Dette blir minneverdig! 

    Fredag:
    Ingemars
    Ein duft av skog, primuskaffe og sprakande kvistbål – akkompagnert av hissande gitar- og trekkspeltoner… Det er Ingemars, det! Det er kanskje ikkje så mange som trur på huldra lenger. Men Ingemars, det rotekte dansebandet fra Finnskogen, avviser bestemt at huldra skulle være noko slags eventyrpåfunn – ho eksisterer i beste velgåande! Melodier og tekster er eiget materiale, og den lett gjenkjennelege dialekta som ikkje inneholder bokstavlyden y…..

    Ingemars er kjent for den distinkte stilen med varme og nære sanger, og med den høyst sårpregede Finnskogdialekten. Med rytmer som gjør at beina ikkje kan unngå å trampe takta – som treffer folk midt i hjertet!

    Ingemars er blant Norges mestselgende danseorkestere med fleire album og spelemannspris i bagasjonen. No kjem dei til Stryn og Dans & Caravanfestival 2022. Som Audun Tylden ein gong uttalte: «Den som ikkje liker dette, er ikkje frisk!!

    Contrazt
    Dansebandet Contrazt blei starta i 2005, og har siden da rukket å bli eit av Noregs mest populære danseband. Dei har delteke i sjølvaste Melodi Grand Prix og har vunne prisar som årets danseband og Gullfoten.

    Contrazt er eit hardtarbeidende band, gruppa har gitt ut 13 fantastiske album med ein rekkje slagerar. I tillegg er dei eit av landets mest turnerande danseband med rundt 70 konsertar i året. Setlisten på ein konsert inneheld ofte opp til 60 låter!

    Etter 2 coronaprega år med begrensa aktivitet, ser gjengen i Contrazt no fram til å kome til Stryn og underhalde publikum med feiande flott dansebandmusikk!

    Laurdag:
    Vikingarna (…på finalerunden)
    Nordens desidert største og mest populære danseband Vikingarna er klar for finalerunden. Stryn Dans & Caravan er på ei eksklusiv liste over spelestader som får besøk av eit gjenforent Vikingarna med sjølvaste Christer Sjøgren i front. Dette blir en høydare!
    Når den legendariske gjengen i Vikingarna no legg ut på sin siste turne, er det både magi og nostalgi i sekken! Fra 1960-tallet har bandet solgt over 12 millioner plater i sin karriere og produsert hits på løpande bånd. Mange hugsar landeplager som «Blue Hawaii», «Djengis Kahn», «Kan man elska nån på avstand», «Leende gullbruna øgon» og «Tiotusen røda rosor».

    Dette blir ei oppleving flere generasjoner av danse- og musikkglade mennesker ikkje vil gå glipp av. 

    Blir dette din siste sjanse til å oppleve Vikingarna live med ein energisk Christer Sjøgren i førarsetet? Vi er voldsomt stolte over at bandet har valgt Stryn som ein av få dansegallaer dei spelar på før dei legg gitaren og mikrofonen på hylla!

    Contrazt
    Dansebandet Contrazt blei starta i 2005, og har siden da rukket å bli eit av Noregs mest populære danseband. Dei har delteke i sjølvaste Melodi Grand Prix og har vunne prisar som årets danseband og Gullfoten.

    Contrazt er eit hardtarbeidende band, gruppa har gitt ut 13 fantastiske album med ein rekkje slagerar. I tillegg er dei eit av landets mest turnerande danseband med rundt 70 konsertar i året. Setlisten på ein konsert inneheld ofte opp til 60 låter!

    Etter 2 coronaprega år med begrensa aktivitet, ser gjengen i Contrazt no fram til å kome til Stryn og underhalde publikum med feiande flott dansebandmusikk!

Comments are closed