27. august kl 19.30 er det duka for magi ved Sagedammen på Nordsida i Stryn. Odd Nordstoga går på scena i sitt rette element; omringa av skog, stille vatn, gardar med griser som hyler og menneske som ler.
27. august kl 19.30 er det duka for magi ved Sagedammen på Nordsida i Stryn. Odd Nordstoga går på scena i sitt rette element; omringa av skog, stille vatn, gardar med griser som hyler og menneske som ler.
Få maktar å beskrive poesien i kvardagen slik som Odd Nordstoga klarar, utan at det nokon gong blir klisjefylt eller svulstig. Han får oss til å danse, sjølv om vi ikkje kan det, og til å ville synge med av full hals.
Sagedammen ligg på Ulvedal, 18 km frå Stryn sentrum og har dei siste åra danna ramma for ulike konsertar og musikalar. Frå amfiet ser publikum mot vatnet, skogen og fjella. Rundt dammen står det gamle bygningar, som den gamle oppgangssaga, høvleriet og eldhuset. Før konserten blir det fyrt opp i grua, og i steinomnen i eldhuset blir det steikt bakverk som publikum kan kjøpe.
Arrangør for konserten er Nordsida Utviklingslag med god hjelp frå mange hender i dei fine bygdene våre.
Kråker vil flakse, grisar vil hyle, ferdamenn vil stoppe opp! Her vil både mor, frøken Franzen, bestevener og farfar få noko av det beste dette landet kan by på innan øyrekjærleik. Vi har stor tru på at dette vert ein kveld du vil lagre i livsminneboka di.
Velkomen!