Fredag 11. november (Laurdag 12. og Søndag 13.)
I år kan du ta fredagstacoen i kulturhuset 11. november frå kl 15.00. Etter det går det slag i slag med mykje kulturelt påfyll utover kvelden. Alt programmet forutan konserten med DamJam på Visnes Låve er gratis. Kulturavdelinga håpar alle stryningar, store som små, tek turen og får med seg det varierte programmet kulturnatta byr på i år!
Laurdag vert det lansering av Strynesoga bind I for bygdene Hopland/Rand/Fjelli/Blakset/Markane og Faleide! Det vert servert kake og kaffi!
Følg med på arrangementet på Facebook for meir informasjon framover!